Gleda er stor ved Runde miljøsenter om dagen. Ikkje berre slepp dei unna kutta som blei foreslått frå fylkesrådmannen, men dei får også éin million kroner ekstra over statsbudsjettet.

– Eg trudde det ikkje sjølv, at det kom til å skje, fortel dagleg leiar Nils-Roar Hareide ved miljøsenteret til smp.no.

– Betyr mykje

Allereie politikarane i regional- og næringsutvalet i Møre og Romsdal, sette foten ned for å kutte 1,5 millionar kroner til senteret, og i ettertid har fylkesutvalet stadfesta at desse pengane skal inn på neste års budsjett i fylkeskommunen. Saka skal til endeleg vedtak i fylkestinget.

Men etter eit framlegg frå SV – som KrF og Venstre, fekk forhandla inn i statsbudsjettet med regjeringspartia – blei det klart at Runde miljøsenter i tillegg får éin million friske kroner derifrå i 2018.

– Vi fekk også innspel frå varaordførar Gunn Berit Gjerde (V) på dette, som vi tok med oss i forhandlingane. Slike summar er ofte ikkje dei mest vanskelege å få inn i eit budsjett, men for dei som får pengane, betyr det mykje, seier Steinar Reiten (KrF) på Mørebenken til smp.no.

Skal forske på sjøfugl

Hareide på miljøsenteret peiker på at det gjeld meir enn berre å oppretthalde nokre arbeidsplasser på ei øy ute i havgapet, men at det også er ein måte å motverke at unge folk flytter frå distriktet – ved at det finst såkalla kompetansearbeidsplassar.

– Det er veldig gledeleg. Vi opplever at både politikarane og fleire andre har sett viktigheita av å satse på denne type kompetanse ute i distrikta, seier Hareide.

Den ekstra millionen over statsbudsjettet vil i første rekkje gå til å forske på kvifor sjøfuglbestanden går ned.

– Sjøfuglane forsvinn og alle meiner det har noko med havet å gjere, men det er mange spørsmål som må svarast på før vi finn ut kva som verkeleg skjer, seier Hareide.