Mannen som er sikta for vald mot ei kvinne i Volda er fengsla i fire veker. Politiet meiner det er den sikta som er fanga opp på overvakingskamera.

Mannen anka fengslinga i Sunnmøre tingrett før helga, og tysdag tok Frostating lagmannsrett stilling til spørsmålet. Også der kom retten fram til at mannen burde blir fengsla i fire veker.

Men retten meinte at brev- og besøksforbodet  berre skulle gjelde dei to første vekene.

Mannen som er i slutten av 20-åra, er sikta for grov kroppskrenking mot ei ung kvinne natt til søndag 3. desember. To dagar seinare blei han pågripen i bustaden sin i ei nabokommune til Volda.

Bilde viser overfallsmannen

Politiadvokat Cathrin Remøy stadfestar at noko av grunnlaget for fengslinga er bilde frå eit overvakingskamera som dei meiner viser den sikta.

– Retten har no sagt seg samd i at det er meir truleg at det dreier seg om den sikta, enn at det ikkje gjer det, seier Remøy til Sunnmørsposten.

Bilda viser ein person i lys olabukse og mørk jakke gå inn i bustaden til fornærma ved 3-tida den natta overfallet skjede, og kjem ut igjen etter få minutt.

Dei neste vekene vil politiet mellom anna nytte til å undersøke nærare forklaringa den sikta har gitt om sine bevegelsar.

Nektar straffskuld

Politiet frykter den sikta – som er utanlandsk statsborgar - skal unndra seg straffeforfølging fordi han ikkje har nær familie her i landet.

Mannen har forklart at han var i Volda sentrum denne natta, men nektar for at han stod bak overfallet.

Mannen sin forsvarar, advokat Torgeir Langva, har tidlegare opplyst at mannen ikkje vedgår straffskuld. Etter han blei framstilt for fengsling og anka før helga fengslinga til lagmannsretten.

Vitneforklaringar sentrale

Førebels har politiet vore varsame med å gå ut med detaljar om korleis overfallet skjedde, men det er ikkje er snakk om voldtekt.

Lensmann Guttorm Hagen har opplyst at forklaringar frå vitne spelte ei sentral rolle for å kome fram til ei pågriping i saka. Den erfarne politimannen sa samstundes at han ikkje kunne hugse at dei hadde hatt liknande saker i lokalmiljøet.