18-åring i Herøy savna sidan julafta

Natt til julaften blei det satt i verk ein leiteaksjon etter David Tarberg (18) på Moltustranda i Herøy kommune. Kveld 2. juledag blei søket avslutta.
Søre

Til tross for stor innsats frå frivillige er det ingen funn etter den savna 18-åringen etter fleire dagar med søk.

- Generelt kan eg seie at søket er avslutta med bakgrunn i at vi har søkt mange gongar og dagar, og vi kan ikkje gjere jobben beitre enn det vi har gjort, seier operasjonsleiar Jon Bratland til smp.no tysdag kveld.

Han meiner dei saman med Røde Kors, Norske Redningshundar og frivillege har gjort en grundig jobb, og at jul og ver ikkje har vore ei hindring.

Etterretning

Vidare vil politiet jobbe ut ifrå avhør, tips og observasjonar.

- Kva som blir gjort kommer heilt an på kva vi finn ut undervegs. Etterforskninga blir leia av etterretningsleiar på Søre, fortel Bratland.

Han seier at det einaste dei veit er at dei ikkje har nokon konkrete opplysninger om kor David Tarberg har vore sidan klokka 03.00 natt til lillejulafta. Politiet ønskjer framleis tips om observasjonar eller annan informasjon som kan belyse saka.

Finsøk

I morgontimane 2. juledag starta søket opp med større ressursar igjen. Omlag seksti personar frå Røde Kors, seks hundeekvipasjar frå Norske Redningshundar, litt over tjue personar frå Heimevernet og fem personar frå Ålesund brannvesen deltok i søket tysdag som blei avslutta same kveld.

Operasjonsleiar Tove Anita Asp opplyste tysdag morgon til Sunnmørsposten at leitinga førebels skjer til fots.

– I dag fokuserar vi på finsøk, sa ho.

Vakthavande i Røde Kors Møre og Romsdal, Daniel Botnvik fortel at dei tysdag har gått over til eit såkalt type to søk.

– Vi byrja med type ein søk, som vil seie at vi søkte raskt over det aktuelle området. I dag er det snakk om eit litt grundigare søk i det same området. Botnvik synast det er imponerande at så mange har stilt opp sjølv om det er jul.

– Vi har stort sett vore mellom 50 og 60 personar frå Røde Kors som har vore ute og leita kvar dag. Eg synast det er flott at så mange stiller opp sjølv om det er jul.

Tysdag var det frivillige frå Røde Kors i Volda, sørøyene, Vanylven, Ørsta, Langevåg, Spjelkavik, Vatne og Tennfjord, Sykkylven og Stranda og Eid som leita etter 18-åringen.

1. juledag blei det leita i området frå Sandvika og oppover terrenget. 2. juledag blei det leita i same område.

– No leitar vi i eit område frå Sandvika og oppover i terrenget. Det blei gjort observasjonar i går, som kan tyde på at den sakna kan ha vore der, forklarte oppdragsleiar i politiet Svein Harsjøen 1. juledag.

Ønsker tips

Politiet har fått inn nokre tips i saka, men førebels ingenting som har leda fram til at dei har funne mannen. Dei ønsker framleis tips, spesielt om observasjonar på ein tursti frå Sandvika som går i retning Tjørvåg.

Sist sett lillejulafta

Møre og Romsdal politidistrikt melde på Twitter i 06.30-tida sundag morgon at ein 18 år gamal gut var savna. Dei blei seinare kjend at den savna var David Tarberg, som sist blei sett natt til lillejulafta kl. 0330 på Moltustranda. Tarberg er 183 cm. høg, og var då ikledd ei blå jakke.

Operasjonsleiar Kenneth Sætre seier litt før klokka 08 julaften at aksjonen vil helde fram på same nivå utover dagen. Dei er interesserte i opplysningar frå publikum.

Rundt klokka 10 søndag formiddag fortel Sætre at dei framleis leitar på same nivå. Helikopter var då sett inn i søket.

Totalt var det rundt 15-20 personar frå Røde Kors og fire hundar med mannskap frå Norsk Redningshund i tillegg til politiets eigne ressursar som deltok i søket.

Den savna 18-åringen blei sist observert natt til laurdag. Han blei meldt sakna laurdag ettermiddag.

Ifølge innsatsleiar på staden var det 30 personar frå Røde Kors i Volda , sørøyane, Vanylven og i Ålesund som leita natt til mandag. Mandag var det 24 i sving. Herøy Kajakklubb har søkt i strandsona. Søket er no avslutta.