Klart signal frå tilsette og brukarar:

Vil ha nytt sengebygg ved Volda sjukehus

Stemninga var ikkje til å ta feil av: I Volda vil dei ha eit nytt sengebygg, alternativ nr. 3 hos helseføretaket.

Sjukehusmøte: Dei tilsette ved Volda sjukehus er klare på kva dei ønsker seg, fortel overlege og tillitsvald Frode Aasen (i kvitt). Frå venstre viseadministrerande direktør Helge Ristesund, føretakstillitsvald Anette Lekve – og heilt til høgre brukarrepresentant Jakob Strand. FOTO: TERJE ENGÅS Ristesund, Anette Lekve, Frode Aasen og Jakob Strand. 

Søre

– At dei går for alternativ tre er heilt tydeleg, seier Helge Ristesund, viseadministrerande direktør i helseføretaket, medan han pakkar stresskofferten og hastar mot neste møte.