Formannskapet i Sande kommune skal handsame saka

Foreslår å legge ned fire av fem skular i Sande

Gruppe foreslår å samle alle elevane i kommunen på Larsnes.

Larsnes Robek-kommunen Sande må spare pengar og eit forslag går ut på å samle alle elevar i kommunen på Larsnes.   Foto: Knut Arne Aarset

Søre

Ei gruppe som har sett på den framtidige skulestrukturen i Sande, foreslår i ein rapport å legge ned fire av fem skular i kommunen. Ny felles skule på Larsnes for alle elevane frå 1. til 10. klasse, vil vere den mest framtidsretta løysinga, meiner gruppa.