Politikarane i Herøy må finne ut korleis dei kan kutte driftsutgiftene med ti millionar kroner etter svikt i skatteinngangen. I formannskapet denne veka blei det vedteken at alle sektorar innan utgangen av mars skal finne fram til korleis utgiftene kan reduserast.

Rådmann Olaus-Jon Kopperstad fortel at kommunen allereie har spara inn ein del ved å halde stillingar vakante, men det behov for å få ned dei årlege utgiftene med ti millionar.

– Så håpar vi at skatteinngangen og sysselsettinga skal betre seg på sikt, slik at det vil vere nok, seier Kopperstad til Sunnmørsposten.

Les også: Offshorekrisa har gitt Herøy budsjettvanskar

Det blir ikkje no peika på kva for tiltak ein skal gå for, men ein tek utgangspunkt i Kostra-tal som viser at kommunen på nokre område driver dyrare enn samanliknbare kommunar. Tiltak og konsekvensar skal drøftast med tillitsvalde, før endeleg forslag blir lagt fram for politikarane.

Les innkalling og protokoll frå møtet i formannskapet her (ekstern lenke)