(Vikebladet:) – Det var mannen min, Roger (Finvik), som køyrde. Sjølv sat eg og teksta med ein annan familie som også skulle inn på skisenteret. Brått høyrde eg eit stort smell, eg forstod ingen ting, fortel Leine.

Det viste seg at bilen deira hadde vorte treft av ein møtande bil. Sjåføren køyrde vidare utan å stoppe. Då dei kom ut av tunnelen, stoppa dei bilen. Også ein av dei to bilane som kom rett bak, stoppa.

– Dei lurte på korleis det hadde gått med oss, og så fortalde dei at dei sjølve nesten hadde frontkollidert med den same bilen, seier Leine.

– Vi var ganske skjelvne, alle saman.

Ringde politiet

Etter å ha summa seg nokre minutt, ringde Therese Leine til politiet og fortalde kva som hadde skjedd.

– Eg meinte dette var aktlaus køyring og at politiet måtte stoppe vedkomande. Men politiet hadde ikkje tid til å rykke ut, fortel Therese Leine.

I staden bad politiet familien snu bilen og køyre i same retning som bilen som hadde treft dei.

– Vi snudde og køyrde heilt til Ulsteinvik, men vi såg ikkje noko av den andre bilen. Og det var ikkje så rart, sidan det tok nokre minutt før vi køyrde etter, seier Leine.

– Eg jobbar som ambulansearbeidar og er van med å køyre utrykking, men det kunne eg sjølvsagt ikkje gjere med privatbilen, seier ho.

Dei to døtrene på sju og fjorten var også oppskaka etter det som hadde skjedd, men familien bestemte seg likevel for å gjennomføre planen om skitur.

Vil melde saka

Bilen til familien Leine Finvik fekk skadar på venstre side, truleg etter å ha vorte treft av spegelen og framskjermen på den møtande bilen.

– Vi veit enno ikkje kva det vil koste å få ordna skadane, seier Roger Finvik, då Vikebladet Vestposten møter ekteparet på Hareid dagen etter hendinga i tunnelen.

Han og kona rakk ikkje å oppfatte kva bil som trefte dei eller sjå kven som køyrde.

– Men dei som kom i bilen bak oss, meinte det var snakk om ein mørk bil, kanskje ein Audi eller ein BMW.

Therese Leine skulle måndag innom lensmannskontoret for å melde saka.

– Det var lite å gå etter

Politiet stadfestar at dei fekk melding om det som skjedde i Helgehorntunnelen søndag.

Fekk melding: Arild Reite, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, stadfestar at politiet fekk melding om aktlaus køyring i Helgehorntunnelen. – Innringar meinte det var ein mørk bil, men elles var det få opplysningar å gå etter, seier han.

– Eg ser i loggen at vi fekk melding om dette klokka 12.52, ja, seier operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, Arild Reite.

Han fortel at den som ringde, ikkje visste anna enn at det kanskje var snakk om ein mørk bil.

– Når vi verken veit bilmerke eller registreringsnummer, er det diverre veldig lite å gå etter, seier Reite.

Køyrde etter

Familien frå Brandal valde å snu bilen og køyre i same retning som den andre bilen, etter råd frå politiet. Dei køyrde heilt til Ulsteinvik utan å sjå igjen bilen som trefte dei i tunnelen.

Dei som ringde til politiet fortel til Vikebladet Vestposten at politiet ikkje hadde høve til å rykke ut. I staden fekk dei spørsmål om dei kunne følgje etter bilen som kom over på feil side av vegen. Er det normal prosedyre?

– Vi ber sjølvsagt aldri sivilistar køyre utrykking. Men det er faktisk ikkje uvanleg at vi ber bilistar følgje etter ein annan bilist, seier operasjonsleiaren.

Han fortel at dette kan skje til dømes dersom politiet vert tipsa om farleg eller vinglete køyring, men veit at det vil gå ei stund får dei har patrulje på staden.

– Då spør vi gjerne innringarane om han eller ho har høve til å følgje etter den andre til politiet er på staden, seier Arild Reite.

På Facebook

Rett etter hendinga i tunnelen søndag la Therese Leine ut følgjande innlegg på Facebooksida si:

«Etterlyser deg som kom over i vårt køyrefelt og traff oss i sida inn i Helgehorntunnelen kl 12:25. Du fekk skader på di venstre side. Bilen din holdt på å frontkollidere med bilen bak oss. Du var på veg mot Eiksund. Har vitner, ønsker at fleire vitner melder seg.»

Innlegget har vorte delt 73 gongar, men førebels har ikkje Leine vorte kontakta av sjåføren som køyrde den andre bilen.

– Bilen må i alle fall ha fått skadar, truleg på venstre spegel og kanskje også på framskjermen, seier Therese Leine.

Ho er glad for at ingen vart skadd og håper sjåføren i den andre bilen vil melde seg.

Denne saka sto først på trykk i Vikebladet.

Roger Finvik studerer skadane bilen fekk etter å ha vorte treft av ein annan bil i Helgehorntunnelen. – Ei skremande oppleving, seier Therese Leine. Foto: Linda Ekrem/Vikebladet