Samferdselsutvalet går for alternativ A med ny Nerlandsøybru om fem-seks år. Samtidig innstiller dei på at fylkesrådmannen bruker tida fram til 12. november på å klargjere «ulike alternativ for kryssing av Vaulane».

Med dette alternativet blir det berre nødvendig med mindre reparasjonar, ingen store tiltak, for å halde den gamle brua mellom Fosnavåg og Nerlandsøya ved like. Vegvesenet vil også auke overvakinga.

Bjarne Kvalsvik (Uavh) fekk berre støtte frå Frp sine to representantar. Dei vil ha ei bru omtrent på dagens nivå, det vi seie rundt 20 meters høgde. Kvalsvik og mindretalet bad om at fylkesrådmannen legg kostnadene med ny bru inn i investeringsplan, samt budsjett og økonomiplan, så snart det er økonomisk mogleg, slik at ny bru kan vere klar før restlevetida på fem år er omme.

– Halv siger

Fleirtalet sitt vedtak er likevel ein halv siger, seier Kvalsvik til Sunnmørsposten.

– Med ny bru om fem år er det ikkje tid til å greie ut andre trasear. No er traseen låst, slik eg ser det, nemleg over småbåthamna, seier han.

Dermed meiner Kvalsvik at det ikkje er mogleg å redusere høgda noko særleg frå dagens 20 meter utan å øydelegge hamna.

– Og dagens storsjarkar kan ikkje går rundt, då må dei nesten ut til Svinøya, seier han.