Det var natt til søndag 19. november i fjor at han ifølgje dommen frå Søre Sunnmøre tingrett, slo og skalla ein mann slik at han mista bevisstheita.

Hendinga skjedde ved ein bensinstasjon i sentrum og retten peiker i formildande retning til at valden «i betydeleg grad» skjedde fordi den fornærma hoppa opp på panseret til den dømde sin nye bil. Den unge mannen har også erkjent forholda og sagt unnskyld til mannen som blei slått og skalla.

Både påtalemakta og forsvarar var samd i at mannen kunne sleppe å sone om han skikkar seg dei neste to åra. Domfelte må heller ikkje betale bot eller sakskostnadar.

Samstundes peiker retten på at mannen ved å først slå og etterpå skalle til mannen, slik at hovudet hans dunka inn ein vegg, kunne føre til alvorleg skade.