Berga ut frå bustadhus etter matlaging i Ulstein

En ung mann hadde flaks då det oppstod røykutvikling på grunn av matlaging tidleg laurdag.
Søre

Naudetatane rykka tidleg laurdag morgon ut til Haddal etter at det blei meldt om røykutvikling frå eit bustadhus.

Ein ung mann blei berga ut frå huset av brannfolk som kom til staden.

– Brannvesenet tok seg inn i huset og fekk han ut, fortel vakthavande ved 110-sentralen for Møre og Romsdal.

Etterpå blei han sjekka av helsepersonell fordi han hadde vore utsett for røyken. Han skal ikkje ha fått alvorlege skader.

– Det kan ein vel kalle flaks?

– Ja, det er ofte flaks involvert i slike tilfelle, opplyser vakthavande.

Årsaka til røykutviklinga var matlaging, opplyser operasjonsleiar Tove Anita Asp ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Brannvesenet blei varsla av ein automatisk brannalarm i bustaden ved 05.30-tida. Det skal ikkje ha blitt større skader på bustaden, som blei lufta ut etter hendinga.