Den nesten utslitne Nerlandsøybrua skal få avløysing om fem-seks år. Det går i alle fall samferdselsutvalet inn for. Men kva løysing som blir valt blir framleis diskutert.

Kystverket tilrådde 30 meters seglingshøgd. Statens vegvesen på si side er i ferd med å utarbeide reguleringsplan for ei 20 meter høg bru som vil koste 430 millionar kroner. Det er denne høge kostnaden som gjer at utvalsleiaren ser seg nøydd til å forsøke å finne eit billegare alternativ.

- Eg meiner det enda ikkje er for seint å få vurdert om til dømes ein rørtunnel over det smale sundet kan vere aktuelt. Viss ei slik løysing er gjennomførbar, så hadde det i alle fall spart oss for mykje vegomlegging, seier Kristin Sørheim, leiaren for samferdselsutvalet, til Vestlandsnytt.

Eit anna alternativ kan vere å bygge brua i modular av stål, som alternativ til betong, seier Sørheim.