Kvinne henta bevisstlaus opp av sjøen i Fosnavåg

Ei kvinne i 60-åra er flogen til St. Olavs hospital i Trondheim etter at ho og ein mann fall i sjøen i Fosnavåg natt til laurdag.
Søre

Oppdatert søndag ettermiddag:

Kvinna er i betring. Ho blir flytta ut av intensivavdeling i løpet av kvelden. Det får Sunnmørsposten opplyst ved hovedintensivavdelinga ved Sankt Olavs hospital.

Det var ei dramatisk melding som kom inn til 110-sentralen natt til laurdag.

– Vi fekk melding om at to personar hadde falle i sjøen. Dei har blitt berga i land. Ein mann har blitt køyrt til Volda sjukehus. Han var bevisst, men nedkjølt. Ei kvinne har blitt flogen til St. Olavs i Trondheim, seier operasjonsleiar Erik Dyb i Møre og Romsdal politidistrikt til NTB.

Begge er i 60-åra, og det var vitne som fekk dei to opp av sjøen. Hendinga skjedde ved Almenningbrygga.

– Ut frå det eg kan sjå, kjenner dei kvarandre, seier operasjonsleiaren. I utgangspunktet ser politiet på det som ei ulukke.