Den svensk-tyrkiske 35-åringen vart frifunnen for å ha sett fyr på hotellet då saka var oppe i tingretten i fjor. Då ankesaka i Gulating lagmannsrett starta måndag, nekta han fleire gonger for at han hadde noko med brannen å gjere, ifølgje Fjordenes Tidende som følgjer rettssaka.

– Eg var ikkje med han (hotellsjefen) den 23. (november 2016), og eg har ikkje planlagt noko brann med han. Eg pratar ikkje lenger med min bror etter det som har skjedd. Det er veldig tung for meg å prate om dette. Eg forstår at folk kan gjere rare ting, sa han ifølgje avisa.

Den tiltalte ga også uttrykk for at han ikkje lengre har tillit til politiet sitt arbeid med saka.

Aktoratet meiner å ha nye bevis for at styreleiaren var med på å sette hotellet i brann. Han vart frikjent for brannstiftinga i tingretten.

Den eldre broren som var hotellsjef, vart dømt til fengsel fem og eit halvt år i tingretten, for å ha sett fyr på Selje Hotel og for økonomisk utruskap mot selskapet. Ein tredje bror som var kjøkkensjef, vart frikjent for brannstiftinga, og statsadvokaten anka ikkje saka mot han.

Les stor reportasje eitt år etter: Med parykkar og lausskjegg køyrer to menn frå Stockholm til Oslo for å tenne på eit hotell - men alt går ikkje etter planen (for abonnentar)