Rekneskapstala for 2017 er i ferd med å føre Sande kommune ut av Robek-lista, skriv Vestlandsnytt.

Ordførar Dag Vaagen seier til avisa at han trur vegen vil vere kort for at kommunen kjem ut av lista, så snart kommunestyret har behandla rekneskapen. No er det berre Giske, Stranda og Ålesund i fylket som er på Robek-lista, og dei to sistnemnde er på veg ut.

Driftsresultatet til Sande enda på 8,6 millionar. Ifølgje Vaagen planlegg Sande å betale ned heile det tidlegare underskotet i år, og sitte att med 2,6 millionar som skal settast på fond. Kommunen har likevel økonomiske utfordringar fordi ein ventar større sprik mellom inntekter og utgifter framover.