Sande på veg ut av Robek

I løpet av året er det knapt kommunar att på den økonomiske svartelista i Møre og Romsdal.

Sande-ordførar Dag Vaagen.  Foto: Knut Arne Aarset

Søre

Rekneskapstala for 2017 er i ferd med å føre Sande kommune ut av Robek-lista, skriv Vestlandsnytt.

Ordførar Dag Vaagen seier til avisa at han trur vegen vil vere kort for at kommunen kjem ut av lista, så snart kommunestyret har behandla rekneskapen. No er det berre Giske, Stranda og Ålesund i fylket som er på Robek-lista, og dei to sistnemnde er på veg ut.

Driftsresultatet til Sande enda på 8,6 millionar. Ifølgje Vaagen planlegg Sande å betale ned heile det tidlegare underskotet i år, og sitte att med 2,6 millionar som skal settast på fond. Kommunen har likevel økonomiske utfordringar fordi ein ventar større sprik mellom inntekter og utgifter framover.


 

Hareid og Sykkylven avviser at dei gjekk i luksusfellen:

På veg ut etter 14 år på Robek-lista

I desse dagar strøymer nyrike konfirmantar til kjøpesentera. Det har ikkje Hareid og Sykkylven tenkt, sjølv om dei snart er ute av den frykta Robek-lista, og igjen kan bruke pengar som dei sjølv vil.

 

Lavest antall kommuner på svartelista noensinne

Antall kommuner på den økonomiske svartelisten, kalt Robek-listen, ligger an til å bli rekordlavt i 2017, fra 45 til om lag 30 kommuner.