Sande kommune har i dag fem barneskular og rundt 2.500 innbyggjarar. Rådmannen anbefaler å redusere til tre barneskular, skriv Vestlandsnytt. Han meiner elevane på Sandsøya kan reise til Kvamsøya, og at elevane i Gjerdsvika kan reise til Gursken.

Det er utarbeidd ei framskriving som viser at det på Sandsøya vil vere berre seks elevar i grunnskulen i 2023, medan talet for Gjerdsvika er 15. Å legge ned desse to skulane vil kunne spare kommunen for fire millionar kroner årleg.

Særleg på øyane har dei protestert. Innspel frå Kvamsøya og Sandsøya har dominert i høyringsrunden. Dei meiner skulestrukturen bør vere som den er til øyane får fastlandssamband. Saka skal opp i helse- og oppvekstutvalet 8. mai.