– Eg hadde lyst til å prøve noko nytt, og på ein måte er dette også å trappe litt ned. For morelltrea er svært lettstelte – og dei krev mindre energi enn agurkplantene som stod her før.

Nei da. Frykt ikkje. Helgøy skal ikkje slutte med agurkdyrking. Men han skal dyrke færre av det som i årevis har vore varemerket til gartnaren på Fiskå.

– No skal eg ha eitt drivhus med agurkplanter og eitt drivhus med morelltre. I tillegg har eg tomat og blomster.

Kjem frå Holland

Morelltrea kom frå Holland, via Ullensvang. Dei vart plasserte ut i drivhuset på Fiskå 5. april. No har allereie blomstringa så vidt starta, og 500 humler er i full vigør. Dei er innkjøpt frå Jæren, og kom i eit par kasser – i posten.

Humlene si viktige oppgåve er bestøving, eller pollinering. Det betyr ei overføring av pollenkorn mellom blomstrane på ein eller fleire planter, for at det skal kunne skje ei befruktning og frø kan bli danna.

– I år håpar eg at dei første morellane er klare til plukking rundt jonsok. Neste år skal dei vere modne allereie til 17. mai, fortel Helgøy.

Frå Ryfylke

73-åringen frå Ryfylke vaks nærast opp i eit drivhus, og har eit langt og grøderikt liv bak seg som gartnar. Dei 33 siste åra har han vore på Fiskå.

Helgøy veit berre om ein annan gartnar som også har eit stort antal morelltre innandørs: broren Håkon heime på Helgøya i Ryfylke. Her har forresten brorsonen Geirmund no teke over.

– Der nede har dei halde på med morell innandørs i fem år, og hatt stor suksess med sine 4.000 tre. Eg nøyer meg med 1.600 tre, plasserte ut på 20 rader her inne i drivhuset. Kvar rad er 100 meter lang.

Jan Helgøy reknar med å kunne hauste fire-fem tonn med morell. Broren har dei siste åra fått fram 7,5 tonn.

– Men du held altså fram med agurkdyrking?

– Ja, men det blir mindre enn før – då eg leverte opp mot 120 tonn. No reknar eg med å produsere 40 tonn agurk – og 10 tonn med tomat.

Langs eine veggen inne i drivhuset står det også noko nytt. Men det er berre blåbær.

– Eg har planta ut 100 blåbærplanter her inne, smiler Jan Helgøy.