Ligg an til at skulane i Gjerdsvika og på Sandsøya vert lagt ned:

Har ikkje gitt opp kampen for to øyskular i Sande

Lokalpolitikar Marion Bringsvor (Frp) trur ikkje kampen er tapt om å behalde skular både på Sandsøya og Kvamsøya.

SKULEKAMP: Foreldre og elevar på Sandsøya møtte Sunnmørsposten ved skulen i vinter. Folk på øyane fryktar at grunnlaget for busetnad forsvinn om skulane på øyane vert lagt ned. No ligg det an til at Kvamsøya overlever.   Foto: Knut Arne Aarset

Søre

Formannskapet i Sande vedtok måndag innstillinga frå helse- og oppvekstutvalet i den betente skulesaka, ifølgje protokollen etter møtet.