Pluss i rekneskapa for Herøy kommune

Rekneskapen til Herøy kommune viser eit driftsresultat i fjor på pluss 9,5 millionar kroner.

Fekk pluss: Herøy rådhus. Arkivbilde  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Søre

Det utgjer 1,47 prosent av driftsinntektene, medan målsettinga frå sentralt hald er på 1,75 prosent. Den langsiktige gjelda til kommunen var ved utgangen av året på 840 millionar kroner, ei marginal auke frå året før, skriv kommunen på sine heimesider.

Dei komande åra må likevel Herøy spare pengar og politikarane i kommunen er i sving med å vurdere ulike tiltak. Målet er å spare opptil ti millionar årleg og kommunalsjefane har lagt fram ulike forslag til politikarane.

Formannsskapet har den saka på sitt bord tysdag og kommunestyret skal etter planen ta stilling til kuttframlegga 23. mai.


Herøy vurderer å gå nye vegar i reinhaldet av kommunale bygg

Robot tek vaskejobben

Herøy kommune ønsker å teste ut ein reinhaldsrobot i Herøyhallen.

 

Herøy kommune

Herøy må kutte drifta med ti millionar

Offshorekrisa gir ringverknader i Herøy kommune.

Offshorekrisa har gitt Herøy budsjettvanskar

Skatteinntektene i Herøy kommune svikta med 15 millionar kroner i 2017 ifølge Dagens Næringsliv.