– No pustar vi letta ut, i denne omgang iallfall. Og vi kjem til å stå på like hardt vidare for å behalde skulen, seier Anna Kirsti Skare til Sunnmørsposten.

Folk både på Sandsøy og Gjerdsvika har fått nytt håp etter snuoperasjonen i kommunestyret.

Har samla øyfolket

Skare driv Coop-butikken på Sandsøy og fortel at skolesaka har vore eit «varmt tema» mellom dei som har handla ved butikken.

– Folk har vore veldig engasjert og vi som bur her har vel aldri vore så samla som no, seier Skare – men som fryktar at dei vil møte «nedleggingsspøkelse» på nytt til hausten, men ber politikarane tenke seg om.

– Eg meiner ein ikkje bør sende små ungar på seks år ut med båt med den ferjesituasjonen vi har her ute. Samstundes trur eg pengane ein sparer, fort er «brukt opp» av andre negative konsekvensar, seier ho.

(saka held fram under)

Tek selvkritikk

Politikarane hadde fått på bordet ei innstilling frå formannskapet som innebar at både skulane både på Gjerdsvika og Sandsøy skulle leggjast ned frå hausten 2019. Desse elevane måtte i tilfelle reist til Gursken og Kvamsøya.

I staden fremma ordførar Dag Vaagen ei utsettingsforslag på vegner av alle partia i kommunestyret - som vart vedteke.

– Det kom veldig mykje reaksjonar i sluttfasen – også tyngre marknader. Det ga ei oppfatning av at kommunikasjonen ikkje har vore god nok, forklarar ordførar Vaagen til Sunnmørsposten om bakgrunnen.

Mellom anna har den største bedrifta på Sandsøy - Sandefisk - opna for å flytte frå kommunen om skulen vert lagt ned. Dei har 20 tilsette og fryktar for tilgangen på arbeidskraft i framtida.

Kjem opp til hausten

I vedtaket heiter at det ein viser til «innkomne merknader frå næringslivet og andre, også merknadar innkomne etter ordinær høyringsfrist. Kommunestyret ber formannskap/kommuneleiing om å søkje dialog med næringslivet om deira framtidsplanar og om kommunen si rolle som tilretteleggar for utvikling».

Ein bad også om at det vert gjort vurderingar kring Sande fastlandssamband og andre kommunikasjonsforhold. Til sist bad politikarane om å få saka tilbake innan 1. november.

SANDE: Dag Vaagen, ordførar i Sande kommune – ein annan kommune utan vegnamn. Foto: Knut Arne Aarset