Norled melder om normal drift frå klokka 09.30.

– Det er så lite å gå på at vi må køyre veldig sakte, opplyste skipper Ottar Vattøy på brua på «Bjørnefjord» til Sunnmørsposten kort tid i førevegen.

Krøll for morgonrushet

«Bjørnefjord» og «Høgsfjord» greidde å gå éin tur i den tette tåka fredag morgon, fortel han.

Dette betyr samtidig at det aller meste av morgonrushet ikkje fekk bli med.

Sist gong dette skjedde var i 2016. Då sa matros Gunder Moldvær at han hadde vore på ferjesambandet Hareid-Sulesund i 17 år utan å oppleve så ekstrem tåke her.

Også på sambandet Festøya-Solavågen har det vore tett tåke fredag morgon. Her er begge ferjene i gang igjen.

(saka held fram under)

– Heilt utruleg

Odd Andre Fredriksson frå Hareid er oppgitt over situasjonen og synest det er merkeleg at ferjene ikkje kan gå i tåka.

– Eg meiner det er heilt utruleg at tre ferjer må ligge stilt på grunn av tåke, og ein skulle tru at det var mogleg å segle på instrument, seier han til Sunnmørsposten.

Fleire bilar skal ha stått på kaia i fleire timar fordi tåka låg grauttjukk over Sulafjorden, og til tider var alle filer fulle av bilar.

Med då trafikken starta å gå som normalt frå 9.30, var kaia tom for bilar i løpet av første turen.

Skipperen: – For risikabelt

Skipper Ottar Vattøy om bord på Bjørnefjord forklarer kvifor det ikkje er forsvarleg å segle slik forholda var tidleg fredag.

– Vi kan segle på instrument ute i fjorden, men dei er ikkje nøyaktige nok når vi kjem inn ved moloen, seier han.

Vattøy forklarar at radarbildet blir dratt i hop inn mot land, slik at det ikkje er forsvarleg å stole berre på den.

– Eg såg også at GPS-en var opp mot 30 meter feil og då får vi ikkje stor nok nøyaktigheit. Når vi ikkje har lengre sikt enn fram til baugen, så er det for risikabelt, fortel skipperen.

At hurtigbåten kan gå i same tåka, har å gjere med plasseringa til føraren: – Dei sitt fem meter over vatnet, medan vi sitt 20 meter oppe – der tåka er tjukkare, seier Vattøy.

Bjørnefjord låg i morgontimane på utsida av moloen på Hareid og då kunne ikkje mannskapet sjå lysa inne ved kaia.