Mistenkt rusførar teken i Hareid

Søre

Politiet mistenkjer at ein bilførar i Hareid køyrde i rusa tilstand måndag. Vedkomande er teke med for å ta blodprøve som kan stadfeste mistanken, melder politiet i Møre og Romsdal på Twitter.