Ein person er brakt til sjukehuset i Førde med luftambulanse, medan ein annan person er brakt med ambulanse til sjukehuset på Nordfjordeid, opplyser politiet på Twitter.

Skadeomfanget til desse personane er ikkje kjent.

Politiet har teke beslag i førarkortet til den eine av sjåførane som var innblanda i ulukka.

Meldinga om ulukka kom ved 12.40-tida og det var manuell dirigering på staden etterpå.

Klokka 18.49 melder Helse Førde AMK at ein person har fått moderate skader, medan den andre personen har fått lettare skader. Begge er lagt inn på sjukehus.