Forsøkte å senke jolle med skytevåpen

På Moltustranda i Herøy har fleire unge menn forsøkt å senke ei trejolle ved å skyte på den med hagle, opplyser politiet i Møre og Romsdal.
Søre

Det var ein dårleg idé, skriv politiet på Twitter.

«Forsøket» pågjekk i Herøyfjorden utanfor Moltustranda. Båten sokk ikkje. No er våpenet beslaglagt, og skyttaren blir politimeldt.