Naudetatane rykka seint natt til søndag ut etter at det blei meldt om røykutvikling ved ein bustad i Volda.

Vel framme kunne dei fastslå at det ikkje var snakk om brann i leilegheita, men nokon på staden som laga mat. Likevel blei to personar teke med til sjukehus for sjekk fordi dei hadde pusta inn røyk, ifølge ei melding på Twitter frå politiet i Møre og Romsdal.