Måndag ettermiddag ligg skipet til kai ved Runde og dronning Sonja er på tur på fugleøya, fortel innehavar Knut Asle Goksøyr ved Goksøyr Camping.

Dronning Sonja er ikkje ukjent med farvatnet i Herøy og Ulstein, og med kongeskipet har ho tidlegare gjort landhogg mellom anna på Flø.

– Stor stas

–  Det er stor stas og skipet ligg med flagget til topps. Mange har lagt merke til at skipet er ankra opp og følgjet frå skipet kom køyrande gjennom bygda tidlegare i dag. Dei gjekk ein tur på fjellet, seier Goksøyr til Sunnmørsposten.

Goksøyr ser gjerne at følgjet tek turen innom for litt enkel servering.

– Det vart jo slik ein flott dag og eg håpar dei tek seg ein tur. Eg tenkte kanskje dronninga kunne tenke seg ein krone-is, seier Goksøyr og humrar.

Privat tur

Assisterande kommunikasjonssjef ved slottet, Svein Gjeruldsen, seier til Vestlandsnytt at skipet er på privat tokt.

Vikebladet og Vestlandsnytt har fortalt korleis det staselege skipet frå 1937 låg ankra opp for natta ved Flatøya, og at det kongelege følgjet var innom Fosnavåg måndag føremiddag.

Du kan følgje skipet via AIS-signala på Marinetraffic.com

I helga var skipet i Nordfjord og dronning Sonja deltok på markeringa av Bjørgvin bispedømmes 950-årsdag.