Riksveg 15 i Stryn:

Vegvesenet set inn strakstilstak: – Skilt kjem på plass over helga

Den skarpe 180-graderssvingen på riksveg 15 i Stryn skal bli betre skilta.

Tredje i sommar: Fem personar vart frakta til Førde, ein av dei med moderate skadar, etter kollisjonen tysdag. Dette var den tredje trafikkulukka på kort tid. Sist tysdag omkom ein motorsykkelførar på same staden.  Foto: Thomas Thaule, Fjordingen

 

Blekesvingen på riksveg 15 i Stryn.

Søre

(Fjordingen:) – Etter at vi var på synfaring med politiet måndag, vil det verte sett i gang strakstiltak i form av skilting, seier Lars Karlsen frå drift og vedlikehald ved Vegseksjon Fjordane i Statens Vegvesen.

Etter motorsykkelulukka sist tysdag, der ei kvinne i 50-åra omkom, tok politiet i Stryn kontakt med Statens vegvesen med tanke på ei synfaring på staden.

– Vi hadde måndag ei synfaring med Statens vegvesen for å sjå på sikt og andre forhold med tanke på mogelege tiltak. Signala i etterkant har vore positive, seier politioverbetjent Lasse Trosdahl.

Statens vegvesen stadfestar at det no vil bli gjort tiltak.

– Vi var på synfaring saman med det lokale politiet måndag og såg på strekninga der motorsykkelulukka skjedde, seier Karlsen. Etter synfaringa skjedd det endå ei ulukke, frontkollisjon mellom to bilar, på same staden.

Karlsen fortel at Statens vegvesen no vil setje i verk strakstiltak i form av skilting i begge retningar ved svingane ved Vegtun. Med på synfaringa i svingane på rv 15 ved Vegtun var også ein representant for Seksjon for plan og forvaltning i Statens vegvesen Sogn og Fjordane.

– Han arbeider med å sjå på eventuelle tiltak på lenger sikt, seier Lars Karlsen.

Skilting over helga

No vil det kome opp førebyggjande skilting på strekninga.

– Vi har bestilt skilt som viser fårleg sving og underskilt med anbefalt fart 40 km/t, seier Karlsen.

Skilta vert bestilte frå Bergen, der dei også vert produserte.

– Når kan desse kome opp?

– Planen er at desse skilta skal vere på plass over helga. Inntil då er det midlertidig skilta med 50 km/t og glatt vegbane, det siste etter oljesøl frå den siste trafikkulukka.

Jobbar vidare på lang sikt

Også bakgrunnsoppmerkinga på staden skal forsterkast.

Det kom i fjor opp «sersjantskilt» før 180-graderssvingen ved Vegtun når ein kjem frå Strynesida.

– Vi vil no få ytterlegare markering av kurven med eit skilt til, og det vil også kome opp tilsvarande skilt frå andre sida, seier Karlsen, som legg til:

– Dette er strakstiltak. På lang sikt vil det bli jobba vidare med å sjå på om det skal gjerast ytterlegare tiltak på strekninga.

Dette vart først publisert av Fjordingen