Fire fekk bøter for høg fart i Ørsta

Søre

Fire bilistar måtte punge ut for å ha køyrt for fort i samband med ein kontroll i Ørsta.

Kontrollen vart heldt i ei 50-sone og den høgste farta som vart målt, var 68 kilometer i timen, melder Møre og Romsdal politidistrikt på Twitter tysdag.