Her kjem 60.000 kvadratmeter nytt næringsareal

Glede over utbygging av Sande-hamna.
Søre

Arbeidet med å utbetre hamna i Sande-bygda Gjerdsvika har starta opp og det er stor glede i lokalmiljøet. Leiar Webjørn Hageselle i Gjerdsvika Næringsutvikling fortel til avisa Vestlandsnytt at det kjem 60.000 kvadratmeter med nytt næringsareal.

– Eg kan melde om stor glede og begeistring i næringslivet i Gjerdsvika over oppstarten. Utbygginga har ei enorm betyding for næringslivet i bygda og kommunen. Her vert det store moglegheiter for etablering av nye arbeidsplassar på om lag 60.000 kvadratmeter nytt næringsareal, seier han til avisa.

Til saman 190.000 kubikkmeter med masse skal takast opp frå botnen, slik at hamna blir utvida og djupare. Dette skal plasserast i to deponi på kvar side av hamna.

Sjølve anleggsarbeidet startar i august/september og arbeidet vil gå føre seg frå 06 til 19 på kvardagane og 06 til 15 på laurdagar, ifølgje informasjon lagt ut på kommunen sine heimesider.


100 millionar til hamna i Gjerdsvika

Regjeringa vil løyve 100 millionar til ny fiskerihamn i Gjerdsvika i Sande.

 

Stadt tente på Saab-kontrakt – og er kvitt «problemnaust»

Fjoråret enda med det største overskottet sidan oljefallet for Stadt. Men kampen om oppdrag er framleis tøff.