(

Fjordingen:

) Førre laurdag var 14-åringen John-Rasmus Sætre Torheim frå Stryn på båttur saman med foreldra. John-Rasmus, som er ein ivrig naturfotograf, såg plutseleg noko som bevegde seg midt ute på fjorden då dei var på veg frå Stryn mot Loen. Då dei køyrde nærare såg dei at det var ein liten røyskatt som var på ein lengre symjetur.

Uventa passasjer: Røyskatten svømte mot båten og klatra sjølv om bord midt på fjorden utanfor Staveneset mellom Stryn og Loen. Kvifor symje når ein kan ta båt? Foto: John-Rasmus Sætre Torheim

– Eg trur den var på veg frå Staveneset og over fjorden. Det var mykje bølger så den såg ut til å slite med å symje, fortel John-Rasmus.

Nysgjerrig: Røyskatten fann seg raskt til rette i båten der den klatra ombord midt ute på fjorden. Foto: John-Rasmus Sætre Torheim

Fekk skyss

Då dei kom nærare, så snudde plutseleg røyskatten og sumde mot båten. Før dei visste ordet av det var han komen seg om bord bak ved motoren.

Sliten? Røyskatten var både våt og tilsynelatande sliten etter ein lang symjetur på fjorden. Foto: John-Rasmus Sætre Torheim

– Vi vart ganske overraska då røyskatten plutseleg var i båten. Han verka ikkje særleg redd og gjekk litt fram og tilbake. Han kika seg litt rundt og såg litt på oss før han la seg ned mellom noko tau for å kvile seg.

Til tørk: Slik låg røyskatten og kvilte seg under tauverket mesteparten av båtturen. – Han såg ganske sliten ut, seier John-Rasmus. Foto: John-Rasmus Sætre Torheim

Den såg ganske sliten ut og låg der til vi kom på land, fortel John-Rasmus. Han bar sjølv den firbeinte passasjeren på land då dei kom tilbake.

Vil bli naturfotograf

– Røyskatten stakk nokre meter av garde før han snudde seg og såg på meg. Det var som om vi fekk ein slags kontakt, eg veit ikkje. Kanskje redda vi han frå å drukne, fortel John-Rasmus.

Inn på land: 14-åringen ber i land den firbeinte passasjeren i Stryn.

Han beskriv det heile som ei veldig spesiell oppleving. 14-åringen har nemleg ein stor interesse for foto og spesielt naturfoto. Den unge hobbyfotografen vonar å bli naturfotograf i framtida.

Ivrig fotograf: John-Rasmus Sætre Torheim ønskjer å jobbe som naturfotograf. Foto: Mari Reidun Sætre Torheim

– Eg er mest interessert i å ta bilete av dyr, så det var ganske spesielt å få ein røyskatt om bord i båten. Dette var ei gåvepakke av dei sjeldne for oss og kanskje også for

røyskatten, skrattar John-Rasmus.

Blikk: Røyskatten stoppa opp og kika på reisefølget sitt før han forsvann inn blant fjøresteinane. Foto: John-Rasmus Sætre Torheim

Denne artikkelen vart først publisert av Fjordingen