Hærverk i Ulsteinvik

Greta Flø som er eigar av Ringstad Blomster, vart møtt med knuste krukker då ho kom på jobb torsdag morgon.

  Foto: IngvildMyklebust Hovden

Søre

(Vikebladet Vestposten): – Det er trist å sjå at nokon øydelegg på denne måten når vi prøvar å lage det fint til i sentrum, seier Greta Flø.

Då ho kom på jobb var to store krukker knust. Mold og blomster låg strødd utover i Blåhus-passasjen der butikken ligg.

– Prisen på ei slik krukke er rundt 700 kroner per stykk. I tillegg har dei øydelagt alle blomstrane som stod oppi, seier Greta.

Denne føremiddagen er ho åleine på butikken, og det går fort ein times tid å få rydda opp alt rotet.

– Eg trur dette må ha skjedd seint på natta ein gong. Viss nokon veit eller har sett noko, må dei gjerne ta kontakt, seier Greta.

Denne saka vart først publisert av Vikebladet Vestposten