Alvorleg skadd etter promillekøyring

Ein forbipasserande oppdaga bilen, som hadde køyrt i grøfta i Stryn på fylkesveg 60.

Illustrasjon.  Foto: Staale Wattø

Søre

Ein mann i 20-åra er sendt med luftambulanse til sjukehus etter å ha køyrt av vegen på fylkesvegen mellom Innvik og Utvik. Det var ein forpasserande som såg bilen i grøfta, melder avisa Fjordingen.

Utforkøyringa skjedde i 80-sona på ei rett strekning. Føraren hadde stukke av, men politiet kom i kontakt med han, og promilletesten viste rundt éin i promille.

Helsepersonell bad om at mannen vart sendt til sjukehus på grunn av fare for indre bløding. Det viste seg at mannen er alvorleg skadd. Helse Bergen melder søndag føremiddag at mannen har fått alvorlege skader, skriv NRK.