Bil køyrde av vegen - føraren skal ha somna

 
Søre

Ein bilførar i 30-åra som hamna utfor vegen i Vågsøy, skal ha sloppe uskadd frå ei utforkøyring søndag.

Bilisten fortalde til politiet at han hadde somna bak rattet då bilen hamna utfor vegen ved Kvalheimsfjellet. Politiet tok beslag i førarkortet til mannen, ifølgje meldinga på Twitter.