To mista førarkortet – fleire fartskontrollar på Sunnmøre

Politiet hadde fartskontroll både i Sande og i Ulstein torsdag kveld.
Søre

I Gursken i Sande mista to førarar lappen etter at UP hadde fartskontroll i 60-sone. Dei to vart målt til 88 og 93 km/t. I tillegg vart seks førarar bøtlagt.

I Ulsteinvik hadde lokalt politi fartskontroll i 50-sone. Fem er bøtlagt, og største fart er målt til 68 km/t.

I Giske vart ein førar målt til 146 km/t i dag.