Stryn: Mann kritisk skadd - vart funnen nedanfor ein skrent

Har truleg falle utfor skrenten.

Politibetjent Vegard Dahle og politistudent EirinJohnsen gjer undersøkingar på staden der mannen vart funnen.   Foto: Gunnhild Sindre, Fjordingen

Søre

Oppdatering: - Vi har ikkje endra oppfatning og står så langt fast ved at dette dreier seg om ei fallulykke, seier operasjonsleiar Per Algrøy ved Vest politidistrikt til Sunnmørsposten søndag føremiddag. Ifølgje politiet var det ikkje direkte augevitne til hendinga. Helse Bergen har ikkje kome med ny status på den skadde mannen.

Laurdag morgon vart ein mann funnen hardt skadd nær Stryn sentrum.

- Ein mann er funnen hardt skadd nedanfor ein skrent. Luftambulanse og politi er på staden, skreiv Vest politidistrikt på Twitter like før klokka 09.30.

Klokka 13 laurdag melde Helse Bergen at mannen var kritisk skadd.

Politiet ber om tips i saka.

Hendinga har skjedd i eit bustadfelt i Stryn sentrum. So langt tyder det på at mannen har falle utfor skrenten, skriv politiet.

Mannen vart frakta til sjukehus med luftambulanse.