Strynefjellet opnar etter ulukke

Riksveg 15 over Strynefjellet er opna igjen, seier politiets operasjonsleiar Stein Rune Halleraker.

Arkivbilde.  Foto: Terje Engås

Søre

Grasdalstunnelen over Strynefjellet vart stengd klokka 20.39 etter at ein lastebil køyrde i fjellveggen. Lastebilen kom austfrå.

– Det er slapseføre aust for tunnelen, og sjåføren har fått sleng på hengaren som deretter har treft tunnelveggen, opplyser utrykkingsleiar Jan Træen i brannvesenet i Stryn til NRK.

Føraren framstår som uskadd. Det er ein lastebil lasta med glasruter som er involvert, opplyser Vest politidistrikt på Twitter. Politiet opprettar sak og vil undersøke ulukka nærare.

Frå klokka 20 i kveld var også fylkesveg 63 Geiranger - Langvatn stengt på grunn av vanskelege køyreforhold.