Mann til sjukehus etter at bil køyrde av vegen

Trafikkulukke på Dimnøya i Ulstein.
Søre

Føraren vart brakt med ambulanse til Ålesund sjukehus, etter ei utforkøyring i Ulstein laurdag.

Politiet rykka ved 19.45-tida ut etter at meldinga om ei trafikkulukke ved Dimna kom.

Få minutt etterpå stadfesta 110-sentralen for Møre og Romsdal på Twitter at det var ei utforkøyring og at ein person var teke hand om av helsepersonell.

Skadeomfanget til personen er ikkje kjent, men politiet sin operasjonsleiar opplyser til Sunnmørsposten at mannen var ved medvit etter ulukka.