Monica får sjelefred i vakre Jensgarden på Nordre Vartdal

«Her vil eg bu» sa Monica Sætre Amundsen (44), då ho som lita jente var med morfaren og såg til sauene som beita på marka til Jensgarden på Nordre Vartdal.

Bestestova: Alle møblar som har fått kome til Jensgarden er nøye utvalde. Bordet og skapa har Monica arva etter farmora. Brisken ho sit på, som kan trekkast ut til ei seng, stod i huset då ho og mannen kjøpte det. Mykje har skjedd på tre år for Jensgarden. I stova var eine veggen vekke, og det var svalereir i taket. No er stova tilbake i fordums prakt  Foto: Janne-Marit Myklebust, Møre-Nytt

Søre

(Møre-Nytt): Det var mest ein ungpikedraum. Ikkje noko ho trudde ville skje, men det vesle raudmåla huset på Jensgarden rørte ved noko i henne. Då ho som vaksen flytta heim til Vartdal, var Jensgarden ein gard i stort forfall.