Beslagla både bilnøklar og bilskilt

No er politiet lei av gjentatt køyring utan førarkort.
Søre

I Ørsta har ein mann i 60-åra fått inndratt både bilnøklar og bilskilt. Laurdag vart han tatt for køyring utan gyldig førarkort – og dette har skjedd fleire gonger før, melder politiet i Møre og Romsdal på Twitter. No er bilen avskilta.

Om mannen har reservenøklar heime er ikkje kjend.