Mann funnen omkomen etter båtforlis i Nordfjord

Ein mann er funnen omkommen etter at ein båt gjekk ned i Gloppen i Sogn og Fjordane laurdag kveld. Tre personar overlevde forliset.

Laurdag kveld og natt leita store styrkar etter ein person i sjøen ikkje så langt frå ferjekaia på Anda.  Foto: Redningsselskapet

 
Søre

Meldinga om ulykka, som skjedde i Gloppenfjorden, kom rett før klokka 19 laurdag kveld, og store ressursar, inkludert tre helikopter og ei rekke båtar, deltok i leiteaksjonen natt til søndag.

– Det er litt uklart kva slags båt det var, men visstnok ei eldre fiskeskøyte som gjekk ned ganske fort. Tre personar klarte å berge seg i land, ein person var sakna, og det var mange båtar og ressursar i sving heile kvelden for å finne han. Vi fekk god hjelp, seier redningsleiar Ben Vikøren ved Hovedredningssentralen Sør-Norge til NTB.

Blant anna var redningsskøyta Halfdan Grieg med på aksjonen. Ferja på strekninga Anda–Lote vart midlertidig tatt ut av trafikk for å hjelpe. Sambandet var i normal drift igjen frå rundt klokka 22.45 laurdag.

Dei tre som klarte å kome seg i land vart frakta til sjukehuset i Nordfjordeid og var oppegåande, ifølgje Vest politidistrikt. I 1.30-tida vart den sakna mannen lokalisert i fjorden ved hjelp av ein miniubåt.

– Det har tatt ei stund å få han opp og frakta til land. Vi avslutta leiteaksjonen no nettopp, seier Vikøren til NTB klokka 4.20.