Straumbrott stenger skule i Herøy

Moltu skule Arkivbilde  Foto: Torill Myren

Søre

Moltu skule i Herøy mista straumen under torevêret natt til måndag.

Tussa veit ikkje når straumen kjem tilbake, noko som gjer at skulen må halde stengt måndag, melder Herøy kommune på sine heimesider.

Det skal ha vore 12 grader inne på skulen etter at temperaturen vart senka i helga, og omnane slo seg ikkje på slike dei skulle natt til måndag.