Mor og son har ikkje sett kvarandre sidan 2011:

– Vi har mista sju år og har veldig mykje å ta igjen

Ellen Efrem flykta frå Eritrea i 2011. Det skulle gå sju år før ho fekk sjå sonen sin igjen.
Søre

(Vikebladet Vestposten): – Det var veldig kjensleladd, eg grein og klarte ikkje snakke, fortel 38 år gamle Ellen.

I leilegheita på Saunes er det smil og lått då Vikebladet Vestposten kjem på besøk. Ellen snakkar om det som skjedde på flyplassen på Vigra sist fredag. Etter sju år frå kvarandre fekk ho endeleg klemme guten sin, Lamiek, igjen.

– Det var som om alt skjedde i ein draum, fortel femten år gamle Lamiek om møtet på Vigra før helga. Han var åtte og eit halvt år gamal sist han såg mora, då ho måtte flykte frå Eritrea. Han vart igjen hos besteforeldra, foreldra til mora.

Fekk opphald i Noreg

Ellen Efrem valde å forlate heimlandet for over sju år sidan og hamna til slutt i Noreg. Ho fortel at ho feira niårsdagen til sonen på eit asylmottak på Austlandet. Etter å ha budd åtte månader på asylmottaket i Ulsteinvik, fekk ho opphaldsløyve i Noreg i oktober 2012.

Allereie året etter fekk også guten hennar opphald, men det skulle vise seg svært vanskeleg å få han ut av Eritrea.

– Eg trudde han skulle kome hit med ein gong, men nei. Eritrea er ikkje noko demokratisk land, det er eit diktatur. Og det er ikkje lov å reise til andre land. Difor måtte eg til slutt innsjå at Lamiek aldri kom til å få dei reisedokumenta han trong for å kome seg til Noreg, og at eg dermed aldri ville få han ut på lovleg vis, fortel Ellen.

Til Etiopia

Løysinga vart å kontakte menneskesmuglarar som kunne hjelpe Lamiek til nabolandet Etiopia. I fjor reiste han så frå besteforeldra saman med ein onkel.

– Det var ein veldig farleg tur. Vi gjekk når det var mørkt, gjerne i tolv timar i strekk. Vi var redde for ville dyr og for å bli oppdaga av soldatar, fortel femtenåringen.

Kva sa besteforeldra dine då du reiste?

– Dei var både glade og urolege. Glade fordi eg skulle reise til mora mi, urolege fordi turen til Etiopia var veldig farleg.

Gjennom organisasjonen International Organisation for Migration, IOM, fekk Lamiek etter kvart hjelp. Etter ti månader i Etiopia sat han endeleg på flyet på veg til Noreg.

Saman i Ulsteinvik

Etter ei knapp veke i Ulsteinvik har Lamiek danna seg eit inntrykk av Noreg. – Det er veldig kaldt her. Men det ser ut til å vere ein fin plass å bu. Eg vil i alle fall vere saman med mora mi resten av livet.

Måndag startar han i tiande klasse på Ulstein ungdomsskule. Han har vorte ein høg, ung mann på 1,85, som likar å måle og å spele basket. Og han har eit mål for skulegangen:

– Draumen min er å bli kjemikar. Eg skal jobbe hardt for det, fortel femtenåringen.

Ellen jobbar i helse- og omsorgsetaten i Ulstein kommune og fortel at bebuarane og kollegaene i Holsekerdalen 20 er som ein familie for henne. Ho har vanskeleg for å setje ord på korleis det er å endeleg få vere saman med sonen sin. – Desse åra har vore tunge og fylte med sakn. Det skjønar alle som sjølve har born, seier ho.

Denne saka vart først publisert av Vikebladet Vestposten