14 nye ladepunkt i Ulstein

Ulstein kommune vil fase ut fossile drivstoff i offentleg sektor.

fleire: Mykje ligg til rette for fleire elbilar i Ulstein illustrasjonsfoto: Heiko Junge/NTB Scanpix  Foto: Heiko Junge/NTB scanpix

Søre

– På sikt er målet å fase ut bnesin og diesel, seier ingeniør Vegard Ertesvåg i Ulstein kommune til Sunnmørsposten.

Kommunen søkte om pengar gjennom Miljødirektoratet si ordning «klimasats», til ladepunkt for både elsyklar og elbilar. Dei fekk berre pengar til det siste, drygt 210.000 kroner. For dette skulle dei montere ti ladepunkt, men klarte altså fjorten.

– Det skuldast først og fremst god planlegging, seier Ertesvåg.

Kvar gong ein tenestebil skal bytast ut vil kommunen vurdere utsleppsfri bil.

«Denne vurderinga vil bli klart enklare no når vi har fleire ladestasjonar å nytte oss av». Det skriv Ertesvåg i ein rapport til direktoratet.