Kvinne (25) sakna i Ørsta:

Trur ikkje funn har noko å gjere med den sakna - gjer nye søk søndag

Leitemannskap held fram med finsøk etter sakna polsk kvinne søndag. Politiet har ingen haldepunkt for å seie at funn gjort laurdag, har tilknyting til den sakna.

Gode leiteforhold: Veret og terrenget har gitt gode utgangspunkt for søket etter den sakna.  

Søre

Tidleg søndag føremiddag er det ikkje funne spor etter den sakna Maya Justina Herner (25) i Ørsta. Fleire hundre personar har vore involvert i leiteaksjonen etter kvinna, som vart meldt sakna onsdag.

Eit funn gjort laurdag har truleg ikkje noko med den sakna å gjere, opplyser politiet til Sunnmørsposten.

Folk som har tips til politiet om saka, kan ringe telefonnummer 02800.

Imponert over dei frivillige

Søndag er til saman 285 personar med i søket - 77 av desse er frå Røde Kors og 36 kjem frå Sivilforsvaret, medan resten av frivillige. Eit par hundepatruljar frå politiet er også med i aksjonen.

Sakna: Maya Justyna Herner er sakna i Ørsta.   Foto: PRESSEFOTO/POLITIET

– Vi er bra bemanna og er imponert over innsatsen til dei frivillige. Men om det er folk som meiner dei har noko å bidra med, er det mogleg å melde seg, seier operasjonsleiar Per Åge Ferstad til Sunnmørsposten.

Les også: – Det er klart vi må stille opp
Venninna fortel: – Maya er utruleg sterk – vi har framleis håp
(for abonnentar)

Ikkje sett sidan onsdag

Kvinna skal ha gått på tur til Saudehornet i Ørsta og vart meldt sakna då ho ikkje kom tilbake.

Det siste politiet veit om bevegelsane hennar, er at ho ved 14.30-tida onsdag parkerte bilen ved parkeringsplassen der stien startar.

Etter det politiet kjenner til, hadde kvinna ikkje med seg mobiltelefon. Ho har langt brunt hår, og var iført svart tights og ullgenser av ukjend farge då ho forsvann.

Meir finsøk

Søndag held leitemannskapa fram med finsøk i eit stort område ved stien og heile vegen opp mot Saudehornet og Skåla. Fleire av teigane ligg i bratt og ulendt terreng.

– Vi held fram finsøket vi starta med laurdag. Det vart gjort unna ein del teigar, og vi held fram med dette søndag. Vi har framleis ein del område igjen, og nokre ligg i krevjande terreng som er bratt og utilgjengeleg. Det er vanskeleg å seie kor lang tid det tek å søke gjennom der vi ønskjer, seier operasjonsleiar Ferstad.

Natt til søndag har dei frivillige fått ete, tørka kle og kvilt, før arbeidet tok til på morgonen.

(saka held fram under)

Politiet etterlyste vitne - har fått kontakt

Vitnet som politiet ønska kontakt med, har meldt seg.

Finkjemma store område

Over 300 personar, av dei omtrent 260 frivillige, var laurdag ute og leita etter Maya Justyna Herner (25), som har vore sakna sidan onsdag kveld.


Mistenkjer ikkje noko kriminelt

Parallelt med søket, gjer politiet også taktisk etterforsking for å finne ut kva som har skjedd med den polske 25-åringen. Politiet har ikkje nokon indikasjonar på at det har skjedd noko kriminelt i saka.

– Vi arbeider også med etterretning for å få mest mogleg informasjon, men det er framleis ein redningsaksjon og søket er vår prioritet, seier operasjonsleiaren.

Den sakna har ikkje budd i Ørsta i lang tid og politiet er difor usikre på kor godt kjend ho er i området. Turgåarar skal ha gjort observasjonar av kvinna i nedre del av fjellet Saudehornet, men det er ikkje stadfesta at dette var den sakna.

Sperra av område

Laurdag sperra politiet av eit område etter at det vart gjort funn av noko i terrenget. Politiet vil ikkje seie kva som er funne, men trur ikkje per no at dette har noko med saka å gjere.

– Vi ønskjer ikkje å kommentere kva som er funne, men det er gjort grundige undersøkingar og vi har ikkje haldepunkt for å seie at det som er funne, har noko med den sakna å gjere, seier operasjonsleiaren til Sunnmørsposten like før klokka 12 søndag.

Politiet etterlyste også eit vitne, som meldte seg etterpå. Denne personen er avhøyrt for å kartlegge kva for observasjonar vedkommande kan ha gjort.

Politi har sperra av område: Ikkje gjort funn av nokon person

Mannskap på vakt brukar natta på å planlegge nye søk etter Maya Justyna Herner.

 

Politiet etterlyste vitne - har fått kontakt

Vitnet som politiet ønska kontakt med, har meldt seg.