Nye søk i fjellet etter Maja onsdag

Politiet opplyser at det gjerast nye søk i terrenget etter den sakna Maja Herner onsdag.

Søkeområdet: Fra sentrum ser man opp på Saudehornet som her er skjult i tåke. Det lavere Vallahornet til høyre for midten av bildet og Skåla til venstre, der man kan gå videre til Nivane. Politiet har ikke noe holdepunkt for å tro at Maja Herner er utsatt for noe kriminelt.   Foto: Nils Harald Ånstad

Søre

Den polske kvinna vart meldt sakna sist onsdag. Ein storstilt leiteaksjon og full politietteforsking har førebels gitt få konkrete spor i forsvinningssaka.

Onsdag vil det mellom anna bli søkt med politihundar ulike plassar ved Nivane, Vallahornet og Saudehornet, melder politiet i Møre og Romsdal på Twitter.

Den siste sikre observasjonen er frå eit overvakingskamera frå ein matbutikk i Ørsta klokka 12.35.

Mellom klokka 13.00 og 13.30 har ho opplyst til fleire uavhengige vitne at ho er i ferd med å ta ein tur på fjellet, utan at ho ga uttrykk for turmålet. Ho ga utrykk for at ho ville være vekk i rundt to timar.

Bilen ho disponerte, ein grå Toyota RAV, vart funne ved turvegen opp til Skåla. Denne vegen fører opp til turmål som Nivane, Vallahornet og Saudehornet, der politiet veit at den sakna nokre dagar tidlegare hadde vore på tur.

Politiet vil framleis komme i kontakt med alle som har vore i området under fjellet Saudehornet etter klokka 12 denne onsdagen. Spesielt ønskjer dei å tilgang til film og bilde eventuelle vitne kan ha frå denne dagen.

For å hjelpe seg er det oppretta ei eiga side på Kripos sine heimesider, der ein kan melde inn tips.


Har avhørt 100 personer:

Dette vet vi om forsvinningssaka i Ørsta

Politiet har avhørt rundt 100 personer som har vært i fjellet dagen da Maja Herner forsvant. Nå jobbes det på spreng med å finne ut hvor hun har beveget seg.

 

Granskar fleire tusen bilde i søket etter Maja

Politiet kan ha eit nitid arbeide framføre seg i søket etter den sakna Maja  Justyna Herner (25).

Politiet tror kvinne savnet i Ørsta er død

Politiet vil få kartlagt hvem som var i terrenget i og rundt turområdet Saudehornet i Ørsta, der en 25 år gammel polsk kvinne har vært savnet siden onsdag.

Siste spor: Bilen den sakna Maja Herner (innfelt) disponerte vart funnen ved parkeringsplassen for turvegen opp mot Skåla.