Røykutvikling ved bustad i Gjerdsvika

  Foto: Smp.no-tipsar

Søre

Brannvesenet frå Herøy og Sande rykka fredag ut etter ei melding om brann i ein bustad i Gjerdsvika. Det melder 110-sentralen for Møre og Romsdal i ei Twitter-melding litt etter klokka 10.

Også politiet rykka ut og operasjonsleiar Arild Reite opplyser at det var røykutvikling frå kjellaren i eit bustadhus.

- Folka i huset er ute og det er ingen personskade, seier Reite til Sunnmørsposten klokka 10.25.

Patruljen på staden melde då tilbake at situasjonen var under kontroll.

Kort tid etterpå stadfesta politiet på Twitter at det har vore ein brann i ein leilegheit i kjellaren. Brannen er sløkt, men husværet i kjellaren har fått noko skader.

Fredag føremiddag kjente ikkje politiet til kvifor det starta å brenne, men dei vil undersøke saka.