– Ville blokkert 95 prosent av cruisetrafikken

– Hadde det stått ei bru med 45 meters seglingshøgde på Lote-Anda, ville 95 prosent av cruisepassasjerane til Olden i sommar vore blokkert ute.

Bortimot full blokkade: Skulle Nordfjordbrua blitt bygd med 45 meters seglingshøgde, ville det bety bortimot full blokade for cruisetrafikken inn til Olden.  Foto: Thomas Thaule

Søre

(Fjordingen): Det seier Sølve Oldeide på spørsmål frå Fjordingen, etter at Fjordabladet på leiarplass fredag hevdar at mellom 80 og 90 prosent av cruiseskipa som besøkjer Nordfjord ikkje vil ha problem med 45 meters seglingshøgde.