Fekk beskjed om å sløkke bråtebrann

Volda brannvesen rykka i ettermiddag ut etter melding om røyk.
Søre

Røyken kom av brenning av diverse rusk. Det er gitt ei åtvaring, inga sak blir oppretta, opplyser politiet på Twitter.

Ifølgje politiet vart bålet sløkt før brannvesenet kom til staden.

Mange stader i Møre og Romsdal er det fare for lyng- og skogbrann. I store delar av Sør-Norge er det tørt. Per 11. april viser tala frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) at det er registrert 112 gressbrannar og 27 brannar i skog og utmark hittil i år.

Frå og med i dag 15. april gjeld også det generelle forbodet mot å tenne bål i skog og utmark. Dette varer fram til 15. september. Forbodet gjeld både tenning av bål og grill – inkludert eingongsgrill.