Mystisk lys frå Melshornet – så langt er ingen meldt sakna

Politiet har avslutta søket etter at eit mystisk lys vart observert i svært ulendt terreng ved Melshornet nær grensa mellom Ørsta og Volda.
 
Søre

Det var ikkje bevegelse i lyset, og det har etterkvart vorte svakare og er no borte, skriv politiet i Møre og Romsdal på Twitter måndag kveld.

- Meldar seier at dette er i veldig ulendt terreng, ein stad der det er unaturleg for folk å opphalde seg, seier politiet sin operasjonsleiar Roar Fylling til Sunnmørsposten.

Ein politipatrulje og Volda Røde Kors har ved 20.45-tida undersøkt med varmesøkande kamera og med ein lyskastar som kan lyse opp fjellsida, utan å ha oppdaga personar, opplyser Fylling. Politiet har heller ikkje fått melding om at nokon er sakna.

- Lokalkjende seier dette terrenget er så ulendt at det er heilt uaktuelt å gå opp no i kveld, seier Fylling vidare.

I samråd med Hovudredningssentralen for Sør-Norge har politiet derfor bestemt at dei inntil vidare ikkje gjer nye undersøkingar.

Politiet er svært interessert dersom folk har opplysningar om kva dette lyset kan ha vore for noko.

Ifølgje yr.no er det minus seks-sju grader i området.