Flystripa på Flø i Ulstein har ikkje tårn eller landingslys, men den duger til at Einar-Arne Kleiven kan nytte mikroflyet han har bygd med eigne hender. Med litt hjelp har marka på slektsgarden vorte planert.

Då fineveret slo til i helga, var han ikkje sein om å hente flyet heim frå Ørsta, der det har vore stasjonert til no.

  • Sjå video over

Inn for landing

Då Sunnmørsposten kjem til flystripa, er Einar-Arne på veg inn for landing med dottera ved sida av. Den vesle flykroppen vaggar litt frå side til side før det sig ned over kyrne ute på beite.

Eit augneblink ser det ut til å hamne i ei lita elv på sida av marka. Men så skyt flyet litt fram, og går perfekt inn for landing.

– Eg har full kontroll, men eg klarer ikkje styre vinden. Den må få hive meg til sides, før eg kan få hive meg tilbake igjen. Og det gjer eg lett. Her såg eg at eg kom inn litt for lågt, og gir litt gass for å kome meg fram på marka, forklarar piloten når han har fått begge beina på bakken.

Følg smp.no på Facebook

1200 timar

Ein skulle ikkje tru det var mogleg å byggje sitt eige fly heime - eit fly som attpåtil er brukande til å dra på tur for to vaksne personar og nokre få kilo med bagasje.

Men med eit byggjesett frå USA, ein motor laga i Austerrike og ein solid dose pågangsmot, let det seg gjere.

Etter fem år og 1200 timar stod flyet ferdig i fjor. Det har vorte mange seine kveldar, men i helga var det ingen tvil om at det hadde vore verdt det.

– I have done it, gliser han og legg til:

– Men ein må vere litt sta om ein skal klare å gjennomføre eit slikt prosjekt. Nokre gonger må du gå ned i garasjen, sjølv om du kanskje har mest lyst til å bade frå moloen, seier 45-åringen.

Risiko

For ein som ikkje veit betre, kan det verke som eit risikabelt prosjekt. Men Einar-Arne veit kva han driv med.

– Utfallet om det skjer noko, kan vere større fordi du er i lufta. Men med ein erfaren pilot på denne typen fly meiner eg det er svært trygt. Med bil i trafikken er det til dømes fleire risikofaktorar - i flyet er det berre deg sjølv og vêret, påpeiker han.

Det er først og fremst tre ting som gjeld å passe på ved landing: Høgde, fart - som gjerne bør vere låg, og det å treffe rullebana der du ønskjer. Sjølv om han starta å flyge i vaksen alder, har han etter kvart fått mykje erfaring og hatt fleire fly.

– Du får det inn i fingrane og du tenkjer ikkje, men av og til har du for lite i fingrane - og så må du korrigere, gliser han.

Kunnskapen om å byggje har han tileigna seg på eiga hand, men han har òg utdanning som kjølemaskinist, kuldemontør og industrimekanikar. Til dagleg jobbar han offshore som mekanikar på plattform.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Opp i lufta

Forbipasserande kikkar nysgjerrig på det knall gule flyet som står på marka. Nokre kjende tek turen bort for å høyre korleis det går med prosjektet.

Brått peiker nabo og slektning til piloten, Hallbjørn Kleiven, på ein bolt framme ved propellbladet. Einar-Arne tek ein kikk. Ja, den må justerast.

– Ein kallar det «snag» når noko ikkje er heilt som det skal, men likevel ikkje er eit problem. Vi får sjå om det er rett å kalle dette for «snag».

Ved sida står nevøen og trippar, og lurer på om det vert flytur i dag: – Eg må berre opp i garasjen og hente eit stjerneskrujern, seier flyeigaren.

Etter kort tid er han tilbake og det vert diskutert fram og tilbake kva dei bør gjere. Enden på visa vert å ta av eit deksel for ein siste tur.

– Sjølv Dreamlineren til Boeing vart ståande i fleire månader berre på grunn av eit dårleg batteri, seier piloten før han sett seg inn og skyt fart mot himmelen, med bygdas mest ivrige 12-åring ved sidan av.

– Bygginga av flyet gav meg like mykje som flyginga gjer, seier Einar-Arne Kleiven om dei fem åra det har teke å bygge Foto: Marius Rosbach
Flyet stod ferdig i fjor, men søndag kunne Einar-Arne Kleiven for første gang gå inn for landing framfor huset i heimbygda.
Einar-Arne Kleiven fortel at flyginga gir han noko anna enn den vanlege kvardagen. – Det er full skjerpings, alt må fungere slik du har tenkt at det skal og ingenting er overlate til tilfeldigheiter. Foto: Marius Rosbach
Flyet er eit byggesett frå USA og dei fleste instrumenta er også kjøpt inn derifrå. Motoren er bygd i Austerrike.
Etter at Einar-Arne fekk fikse ein «snag» - eit faguttrykk for noko som ikkje er heilt som det skal vere, fekk ein nøgd nevø prøvetur frå heimbygda for første gong. Foto: Marius Rosbach